Sjøstrand

LEILEGHEITANE I SJØSTRAND-BYGGET

I dag er det totalt 8 hybelleilegheiter av varierande storeleik i bygget.

I 3. høgda er det 3 hybelleilegheiter og ei felles TV-Stove. Den eine leilegheita har to rom og er innreia med open kjøkkenløysing. Dei to andre hybelleilegheitene har eitt rom med open kjøkkenløysing. Alle romma har eigne bad.

 

I 2. høgda er det 5 hybelleilegheiter og felles vaskerom. Dei 3 hybellegheitene ut mot gata har eitt rom og er innreia med kjøkkenløysing. Dei to romma mot sjøen har ett rom utan kokemulegheiter. Dei er innreia med kjøleskåp og vatnkokar.

 

Alle hybelleilegheitene er utleigd på ein lengre kontrakt.